Kvalitetsbevisst
Me er opptekne av kvalitet i arbeidet me utfører. Me strekkjer oss langt for at du som kunde skal bli fornøgd, og at jobben vert utført til avtalt tid og pris.
Fornøgde kundar
Me meiner at den beste marknadsføringa er fornøgde kundar, og kundens ønskjer er derfor i fokus uavhengig av storleik på jobben.
Våre tjenester
Trefelling
Om det er plass og det er sikkert, feller me treet heilt for å gjera det billigast mogleg for kunden. Me har brei erfaring med trefelling nær hus, straumlinjer og veg.
Skogrydding
Enten du vil ha rydda ei tomt eller vegetasjon langs ein veg, har me utstyret og kunnskapen som trengs.
Seksjonsfelling
Der det ikkje er plass til å felle treet heilt, klatrar me opp og tek treet ned i bitar. Greiner og stammedeler sikres og fires trygt ned.
Flishogging
Greiner og toppar hogges opp til flis, og legges igjen på bakken eller køyres vekk. Me har kraftige maskinar som klarar trevirke på opp til 22 cm.
Opprydding og bortkøyring
Me tek oppryddingsjobben, eller du kan gjera det sjølv. Om ønskjeleg, har me utstyr til å køyra vekk tømmer og flis.
Om oss
Alt av skog og trefelling på Hauglandet og i Sunnhordaland
Tveit Skog er eit enkeltpersonføretak som utfører alt innan trefelling og skogsarbeid. Brei erfaring med alt frå trefelling i trange hagar til tømmerhogst.
På kundelista har me både private og store maskinentreprenørar.
Me tilbyr alltid gratis befaring og pristilbod.
Me har topp moderne maskinar og utstyr, slik at jobben kan utførast sikkert og effektivt.
Naudsynt opplæring og forsikring er sjølvsagt på plass.